Politikarane krev at ladetårnet til el-ferja blir estetisk fint

Jondal ferjekai: Her kjem det eit (fint) ladetårn. Foto: Synnøve Nyheim
Politikarane krev at det 12 meter høge tårnet til el-ferja blir eit estetisk fint tårn.
HF har tidlegare omtala søknaden frå Fjord1, som neste år set inn ei el-ferje mellom Jondal og Tørvikbygd. For å lada ferja, må dei mellom anna setta opp eit 12 meter høgt ladetårn på begge ferjekaiene.
Sjølv om rådmann Reidar Isdal innstilte på å godkjenna søknaden, meiner han det er uheldig at eit så høgt tårn skal ruva over Jondal og prega utsikta frå fjorden.
Skal utsmykkast
No har plan- og driftsutvalet handsama søknaden, og kome fram til at dei godkjenner den med vilkår om at ladetårnet blir estetisk fint.
– Ladetårnet skal utsmykkast, så det vert eit estetisk fint tårn som passar så godt som mogleg i dei eksisterande omgjevnadene, heiter det i fellesframlegget frå utvalet, som blei ein del av vedtaket.
Det aktuelle ladetårnet er førebels den einaste godkjende løysinga for å overføra den aktuelle mengda energi frå land til batteriferja (ca. 3–4000 kWh) i løpet av tida ferja ligg til kai.
El-ferja mellom Jondal og Tørvikbygd skal etter planen vera i drift allereie 1. januar 2020, og dei naudsynte installasjonane må opp i løpet av i år.