– Eg er mildt sagt forferdeleg skuffa. Eg var sikker på at dei kom til å følga samferdselsutvalet, men dei snudde tvert om, seier Solfrid Borge.


Fylkesutvalet vedtok tysdag å kutta både avgangar og opningstider på ferjesambandet mellom Kinsarvik og Utne. NRK melder at ein sparar 1,7 millionar kroner på dette.

Les og: Ruteendring vert politikk


– Å argumentera med nye samferdselsprosjekt, som Hardangerbrua, heng ikkje på greip. Hardangerbrua har ikkje innverknad på internsambandet i Ullensvang, understrekar Borge.

Les og: - Nedgangen flatar ut


Ho viser til at ferja held Ullensvang i hop, og at ein har behov for kommunikasjon også etter 17.30. Frå oktober vil den siste avgang frå Kinsarvik vera klokka 17.40, og 18.15 frå Utne.

Rammar lokaldemokratiet


– Dette rammar dei som nyttar ferja kvar dag, det er pendlarar som skal på jobb og politikarar som skal på møter. Lokaldemokratiet vert svekka, og det vil verta eit stengsel mellom aust og vest, meiner ordføraren.


Ho legg til at også idretts- og kulturelle arrangement vert råka, og at dette vil gå ut over både drift og aktivitørar i heradet. Omkøyringa er på ni mil, og Borge meiner få vil reisa to timar for å gå på møter.
 

– Ferja er limet i Ullensvang.