Gå til sidens hovedinnhold

Fem nye har testa positivt for covid-19

Ullensvang kommune melder om nye smittetilfelle og varslar om at nærkontaktar av desse igjen både er ved Hestavoll barnehage, Odda vidaregåande skule og ved Odda lengesenter.

I ei pressemelding torsdag ettermiddg, varslar ordførar Roald Aga Haug om nye positive testar 19. august.

– Det er fem positive testar i vår kommune i dag. Desse personane er i same kohort/nærkontaktar, står det i meldinga frå ordføraren.

Kommunen ventar svar på PCR-testar først i morgon.

– Erfaringa tilseier at dei vil bli stadfesta som positive frå Haukeland universitetssjukehus i morgon. Både Hestavoll barnehage, Odda vidargåande skule og Odda legesenter vil ha nærkontakter.

Sist det kom melding om nye tilfelle var i går, onsdag:

To nye koronasmitta i Ullensvang

Kommentarer til denne saken