Totalt 1961 reinsdyr vart felte i samband med reinsjakta på Hardangervidda i haust. Dette er høgare enn venta, då stamma var noko mindre enn året før.
Kjetil Olav Heitmann, som er sekretær for Villreinnemnda for Hardangervidda-området, opplyser at det i 2021 vart felt 1974 dyr. Då var også tal fellingsløyve noko høgare enn i år.
Etter funnet av CWD har det vore krav om høge uttak av bukk frå vidda, dette for å sikra prøvar og hindra spreiing av CWD. I år vart det skrive ut totalt 7015 fellingsløyve.
Lokale tal
824 av løyva vart skrive til jegerar busette i tidlegare Odda kommune. På desse korta vart det felt totalt 214 dyr.
Odda og Ullensvang herad delte statsallmenning, men fordelinga av fellingsløyve er lik som før kommunesamanslåinga. Heitmann presiserer at dyra er rapportert på valdet der kortet er ferda ut, og ikkje der dyret er felt.
Jegerane frå det tidlegare heradet hadde 898 fellingsløyve, og felte totalt 326 dyr.
Eidfjord kommune hadde 1037 fellingsløyve til disposisjon, og jegerane felte 264 dyr.
– Det foreløpige resultatet av strukturteljinga viser at det kan vera 16–17 prosent bukk, så ein er langt unna målet. Det er ikkje mogeleg å nå mål om bukkedel gjennom ordinær jakt, forklarte Heitmann under eit møte i slutten av oktober.
Før årets jakt var det tatt kring 5500 prøvar frå vidda, og det vart funne ein positiv prøve i 2020. Det slo hardt ned då ein mot slutten av årets jakt fann ei smitta simle, då var ein oppe i 7000 prøvar.
