Det vart brot i desse forhandlingane tidleg i førre veke. Forbundsleiar Jørn Eggum har uttalt at Fellesforbundet braut forhandlingane for å få fart på motparten ved hjelp av Riksmeklaren. Lokalt førebur forbundet seg på streik.

– Me vonar på løysing, men me jobbar på ut frå at streiken vert eit faktum når fristen går ut ved midnatt natt til 1. april, seier Knut Jørgen Kvilhaugsvik, organisasjonsarbeidar i Fellesforbundet Hardanger Sunnhordland.

Praktiske tilhøve

Han fortel at førebuingane mellom anna omfattar å samla inn kontonummer frå medlemene slik at dei kan få streikestønad, gjera avtalar med arbeidsgjevarane om praktiske tilhøve på arbeidsplassen når streiken er eit faktum og ikkje minst gjennomføringa av streiken og oppgåvene til streikevaktene.

– Den viktigaste oppgåva til streikevaktene er å sjå til at det ikkje vert utført arbeid som dei streikande skulle gjort, samt informera interesserte om streikegrunnlaget. Dette er eventuelt ein lovleg streik, strekar Kvilhaugsvik under.

Kjøpekraft

Organisasjonsarbeidaren i Fellesforbundet seier hovudkravet i år er auka kjøpekraft. Med utgangspunkt i at overhenget frå sist lønsoppgjer er 0,8 prosent, og at anslaget for prisveksten i år er 3,5 prosent, kan det sjå ut som om dette oppgjeret vert vanskeleg.

– Mjølk og brød har vorte dyrare. Me har ei priskrise på straum og drivstoff. Dette må våre medlemmer vera i stand til å betala. Her har også staten eit ansvar, mellom anna gjennom det offentlege eigarskapet av kraftproduksjonen og avgiftene på straum og drivstoff, uttalar Kvilhaugsvik.

– Me lokalt forventar at staten kjem på banen om forhandlingane mellom partane ikkje fører fram til ei løysing, legg han til.

Motivasjonen er høg

Det viktigaste for Fellesforbundet er at medlemene deira sit igjen med litt meir i lommeboka.

– Staten sitt bidrag kan vera å heva botnfrådraget, slik at me får noko lågare skatt og senka avgifter som alle betalar. Dette er det dekning for i Hurdalsplattforma. No mobiliserer me med sikte på streik. Motivasjonen er høg for arbeidskamp, samstundes som me vonar på ei løysing, avsluttar Kvilhaugsvik.