Den første meldinga kom klokka 14:07, og var ei automatisk GPS-melding frå ein motorsykkel. Meldinga sa at ulykka hadde skjedd ved Låtefoss på rv. 13.

Politiet rykte ut saman med dei andre naudetatane, men fann ikkje noko ulykke.

– Me veit ikkje korleis den vart løyst ut, kommenterer Øystein Torsnes, politistasjonssjef i Hardanger.

Etter dette reiste politipatruljen direkte vidare til ei ny melding om trafikkuhell, denne gongen i Eitrheimsvegen like nord for Eitrheim.

– Det var ein bil som hadde køyrd i autovernet. Me opprettar ikkje noko trafikksak på dette. Det var ikkje personskade, og mindre materielle skader, fortel Torsnes.

Politiet vurderer likevel å melde føraren for ikkje å ha vore merksam nok under køyreturen.