Gå til sidens hovedinnhold

Feil i CWD-register: Har truleg fleire prøvar frå vidda

Hardangervidda

Artikkelen er over 2 år gammel

16. september var det registrert at Veterinærinstituttet har analysert 516 CWD-prøvar av villrein frå Hardangervidda.

Samstundes trur dei at jegerane har sikra fleire prøvar, men opplyser at ei feil i kopling mot hjorteviltregisteret gjere at mange prøvar for jakta i 2019 er registrert utan korrekt område og art.

Les også

Opphevar fredningssonene, men fryktar ikkje vinterjakt

«Antall prøver fra f.eks. villreinområdene er derfor større enn det som kommer fram av statistikken "Oversikt over undersøkte prøver fra hjortedyr i Norge i 2019"», melder Veterinærinstituttet.

Villreinnemnda gjekk inn for eit uttak på opp mot 1800 vaksne bukkar for å tilfredsstille Mattilsynet sitt krav om prøvar av CWD, og det er i år ei rein bukkejakt på vidda.

Kommentarer til denne saken