Gå til sidens hovedinnhold

Fare for smitte på bussen mellom Odda og Kinsarvik vurdert som låg

Ullensvang kommune kjem med ei ny oppdatering i høve den tidlegare omtala bussruta mellom Odda og Kinsarvik.

– Etter samråd med FHI kan familiemedlemmar og andre nærkontaktar til busspassasjerar ut av ventekarantene, opplyser ordførar i Ullensvang, Roald Aga Haug, i ei pressemelding.

Fare for smitte på bussen er vurdert til låg.

Dette gjeld bussane med avgang frå Odda klokka 7.20 måndag til fredag i veke 12 og bussane med avgang frå Kinsarvik klokka 14.05 måndag til fredag i veke 12. Altså frå 22. mars til og med 26. mars.

Karantene er no berre for personar som har vore på bussen. Personar som har vore på dei bestemte rutene vert oppmoda om å ta kontakt med koronatelefonen for registrering og avtale om testing.

– Karantenesette vil få melding så snart karantenetida vert oppheva, truleg allereie etter to til tre dagar, dersom det viser seg at ingen vart smitta, avsluttar Aga Haug.

Les også

Personar på rutebussen mellom Odda og Kinsarvik er i ventekarantene – det vert arbeidd med å finna alle

Kommentarer til denne saken