Gå til sidens hovedinnhold

Fann enormt mange plastbitar i fjøra

Ryddegrupper langs store delar av Hardangerfjorden har torsdag 15. september aksjonert for å rydda plast. Det er det rekna ut at så mange som 4000 personar var i sving under storaksjonen Rein Hardangerfjord. Nokre stader var det så mykje plast å finna at ein kunne bli heilt matt. Dei som trur at plasten driv inn frå verdshava, må tru om igjen. I ein aksjonsvideo med Ruben Oddekalv frå Norges Miljøvernforbund og Synnøve Kvamme frå Naturvernforbundet, har elevar og tilsette ved skulane fått vita at 73 prosent av all plasten som vart rydda her i landet i fjor, stammar frå norske kjelder. I Eidfjord og i Kinsarvik, der denne bildeserien er frå, rydda skuleelevar og barnehageborn, samt kommunalt tilsette.

Du har nå sett Fann enormt mange plastbitar i fjøra