– Har Ullensvang kommune oversikt over kor mange kjæledyr som er innført av flyktningar busett i kommunen? spurde han først.
– Ja, det har me. To kattar og tre hundar. Den eine katten er flytta frå kommunen no, svara rådmann i Ullensvang kommune, Ole-Jørgen Jondahl.
Han kunne òg svare på korleis dyra har kome til Ullensvang, og at kommunen samarbeider med Mattilsynet om dyra.
– Dei er sjekka, og nokon har hatt karantene, svara rådmannen på spørsmåla frå Midtun.
Det kom fram at kommunen har løpande dialog med Mattilsynet i desse sakene, og at det ikkje er Flyktningtenesta, men den enkelte flyktningen, som har ansvaret for dyra.
– Slik me ser det har me god oversikt, og eit godt samarbeid med Mattilsynet for å sikre at regelverket vert følgt, konkluderte Jondahl.