– Vi meiner det bør vera ein viktig prioritet for samfunnet at alle kommunar skal vera dekt av hurtigladarar, seier leiar for kommunikasjon i Norsk Elbilforening, Unni Berge, til NRK.
Det er ikkje tilfellet i dag. I Sogn og Fjordane er til dømes sju kommunar i dag heilt utan offentleg tilgjengelege hurtigladarar, ifylgje kanalen.
For å betra tilbodet av hurtigladarar i distriktet, meiner Berge at det trengst fleire tiltak. Ho etterlyser både ein plan frå regjeringa og fylka for korleis utbygginga skal vera og støtteordningar for å sikra utbygging i ein del utkantkommunar.
– I byrjinga vil kanskje ikkje utbygginga vera lønsam, men det er viktig for at folk skal våga å kjøpa elbil, seier ho.
Berge meiner også utbygging av ladestasjonar i distrikta er viktig med tanke på turisttrafikken i desse områda