Etter å ha vunne 44 prisar på to år, skulle dei doble omsetninga i 2020. Så kom korona

Fjåk sjokolade i Eidfjord har hatt stille månader sidan koronapandemien stengde ned samfunnet. Dei brukar dei på å innovere og nyleg tilsette dei ein konditor frå Mexico som skal jobbe med å utvikle Fjåk-konfekt det neste halve året.