Widding & Børve inviterer til juleparty

Av
DEL

1. juledag skal duoen Håkon Widding og Vidar Børve, vera med og skapa god gammaldags julestemning i Old River Saloon i Etne.

Dei to, som har adresse på austsida av Sørfjorden i Hardanger, har spela saman i snart 25 år. Dei har ikkje tal på alle bygdefestane, bryllaup og dansane der dei har stått for både musikk og underhaldning.

På spelelista har dei masse god dansemusikk, frå gamle slagerar til nyare listetoppar, står det i ei pressemelding frå Saloonen.

- Og når stemninga er på topp, kan det godt vera at Vidar tar fram trekkspelet og dreg ein låt og to, heiter det i meldinga.

2. juledag spelar duoen til dans i Bygdahallen på Nå.


Artikkeltags