Skyss melder at det i samanheng med sykkelrittet Tour of Norway, som har etappestart i Jondal laurdag 27. mai, er forventa stor trafikk mellom Jondal og Tørvikbygd denne dagen. Det blir difor forskyving i rutetidene for ferje nummer to i sambandet, MF Gulen.

Ifølgje den mellombelse rutetabellen blir første avgang med ekstraferja frå Jondal klokka 08.50, som er to timar tidlegare enn den ordinære laurdagsruta. Ho vil også avslutta ruta to timar før det som er vanleg på laurdagar, og har denne dagen siste avgang klokka 16.50 frå Jondal, blir det opplyst på skyss.no.

Dette er den mellombelse rutetabellen for 27. mai 2023: