Gå til sidens hovedinnhold

Endeleg cup igjen! 57 fotballag frå sju idrettslag stilte

Denne helga, laurdag 20. og søndag 21. november, hadde Tyssedal turn- og idrettslag rigga for å ta imot opp mot 400 spelarar fordelt på i alt 57 lag. Med på cuphelg i Tyssohallen var lag frå Tyssedal, Røldal, Skare, Odda (Odda fotballklubb), Jondal, Solnut og Harding. Innandørsturneringa er for dei mellom 6 og 12 år. Her var det mange som hadde gledd seg lenge, då turnering i fjor vart avlyst på grunn av pandemi. Tyssohallen har som kjend fungert som vaksinasjonssenter i åtte månadar. Først i slutten av september kunne innbyggarane ta i bruk hallen sin igjen. Sjå glimt frå cuplaurdagen her.