Endå eit GPS-tjuveri: - Er nok same gjengen

Det har blitt gjort reparasjonar av ein mur i Teigen den siste tida. Førre veke var vegen stengt i eit døgn.

Det har blitt gjort reparasjonar av ein mur i Teigen den siste tida. Førre veke var vegen stengt i eit døgn. Foto:

Politiet har fått inn melding om at GPS-utstyr for 150.000 kroner er stelt frå ei gravemaskin ved Teigen.

DEL

Måndag melde politiet om tjuveri av GPS-utstyr for over 200.000 kroner frå ei gravemaskin som stod på «sirkustomta» på Eitrheim i Odda. No viser det seg at det ikkje er det einaste tjuveriet som har skjedd i helga.

— No har vi fått inn melding om tjuveri av tilsvarande utstyr frå ei gravemaskin i Teigen, seier etterforskingsleiar Paul Henriksen.

Det har den siste tida vore gjort vegarbeid ved Teigen, mellom Stana og Skjelvik på austsida av Ullensvang. Tjuveriet skal truleg ha skjedd i tidsrommet mellom fredag 28. februar og søndag 1. mars.

— Det er same tidsrom som tjuveriet i Odda. Det er nok den same gjengen, uttalar Henriksen.

Det skal ha blitt gjort fleire tjuveri av tilsvarande utstyr rundt i landet den siste tida.

— Vi vil svært gjerne ha tips frå publikum. Har du sett nokon som har snoka rundt i området, eller bilar som har stått parkert der på natta, så må du ta kontakt, oppmodar han.

Dei gjekk og ut og etterlyste tips i starten av veka om saka på Eitrheim, men der har det kome inn svært få tips, opplyser Henriksen.

Artikkeltags

Kommentarer til denne saken