Endå eit corona-tilfelle i Ullensvang

Ordførar i Ullensvang, Roald Aga Haug, melder om eit nytt tilfelle av Covid-19.

DEL

- Vedkomande har i praksis site i isolasjon sidan 3. november. Personen er nærkontakt, og har site i karantene, opplyser ordføraren i ein e-post.

Denne personen har difor ingen nærkontaktar.

- Vedkomande har det etter tilhøva bra, og vert fulgt opp av helseteneste og arbeidsgjevar.

Elles ventar kommunen på prøvesvar for to nærkontaktar i høve eit anna smittetilfelle. To andre nærkontaktar var negative i dette høvet.

Artikkeltags

Kommentarer til denne saken