Endå ein bil forsøkt stolen frå Odda i natt

I forbindelse med saka om ein stolen bil, har politiet fått inn tips om ein annan bil som var forsøkt stelt frå Odda natt til laurdag.

DEL

- Dette var ein liten personbil som stod parkert ved Coop Extra i sentrum, seier etterforskingsleiar Paul Henriksen.

Tipset om denne bilen fekk dei i forbindelse med at dei gjekk ut med bilete og skildring av ein pickup som blei tatt frå ei adresse i Tyssedal, truleg laurdag morgon.

I bilen som stod ved Coop er det tydelege forsøk på innbrot, seier Henriksen.

Politiet er framleis interessert i tips om biltjuveriet.

Artikkeltags

Kommentarer til denne saken