Gå til sidens hovedinnhold

Elevar frå Odda ungdomsskole skal halda julekonsert. Jone (15) drøymer om å spela konsertar på heiltid

Artikkelen er over 1 år gammel

Torsdag er det duka for julekonsert i foajeen på Odda ungdomsskole. 9. - og 10. klassingane, som har valfaget "Sal og scene", gjer no siste finpuss fram mot konserten.

For abonnentar

Allereie i september byrja dei å jobba med julesongane. Det er mange instrument som trakterast og mykje øving som ligg bak for å få til eit godt samspel. No er elevane i 9. og 10. trinn ved Odda ungdomsskole klare for den store "prøven": Ein julekonsert som dei sjølve skal arrangera frå start til slutt.

- Det er viktig at elevane har noko å jobba fram mot, og at dei har ein arena der dei får visa fram det dei har jobba med, meiner musikar og musikklærar, Håkon Widding.

Odda ungdomsskole satsar sterkt på det musikalske. Valfaget "Sal og scene" er svært populært. 2 timar i veka held dei til ved musikkavdelinga på ungdomsskulen. Her er øvingsrom til kvar og eit instrument, og i hovudrommet ei scene der elevane kan øva på samspel.

- Eg trur eit praktisk fag som musikk er kjærkome. Elevane får kjenna på glede og meistring, fortel Widding og legg til at det er svært motiverte elevar som kjem til desse timane.

Det nærmar seg konsert, og elevane tek seg ikkje tid til noko friminutt.

"Vi har mykje vi må øva på" ropar Emilie Geetika Srow (15) frå scena då HF besøkjer 9. og 10. klassingane på dei siste ordinære øvingane. Saman med Jone Haara (15) skal ho blant anna vera konferansier, men ho skal også spela bass og tamburin.

- Eg valde "Sal og scene" fordi eg tykte det virka kjekt. Eg har også mange musikarar i familien og fotspor å følgja, seier ho.

Jone har på si side mål om å bli musikar.

- Eg har ein draum om å kunna spela bass på fulltid. Om det ikkje går, ynskjer eg å bli lydteknikar, seier han.

Jone og Emilie håpar at mange tek turen til Odda ungdomsskole torsdags kveld. Dei har trua på fullt lokale.

- Konserten er heilt gratis, reklamerer dei.

Rundt 50 elevar skal opp på scena, men Emilie og Jone er visse på at dei skal klara å losa både musikarane og publikum godt gjennom konserten. Dei lovar høg julestemning.

- Eg har vore i julestemning i lang tid, så det vert ikkje noko problem, seier Jone.

Kommentarer til denne saken