Elevane frå Kinsarvik til landsfinalen: - Det er utruleg flott at vi har ei slik gruppe elevar i kommunen

Kinsarvik: Jakob Al Bayati, Nicolaj Disselhorst og Linnea Tangnæs Opedal var dei som sikra 10. klasse ved Kinsarvik skule finalebillett til NRK-konkurransen Klassequizen. No skal dei til den nasjonale finalen.

Kinsarvik: Jakob Al Bayati, Nicolaj Disselhorst og Linnea Tangnæs Opedal var dei som sikra 10. klasse ved Kinsarvik skule finalebillett til NRK-konkurransen Klassequizen. No skal dei til den nasjonale finalen. Foto:

Elevane frå Kinsarvik skule skal representere Hordaland i den nasjonale finalen av Klassequizen i Oslo. Det var klart etter at dei vann finalen i Hordaland.

DEL

Tysdag gjekk finalen i Klassequizen i Hordaland 2020 av stabelen.

Dei fire finalistane som konkurrerte var Kinsarvik skule, Dale barne- og ungdomsskule, Voss ungdomsskule og Sund ungdomsskule.

Her kan du sjå heile sendinga

Det var ein jamn finale, der berre eit poeng skilde vinnarane frå andreplassen. Det var Kinsarvik og Dale som til slutt stod igjen med sigeren. Dei fekk begge åtte poeng kvar, og er dermed vidare til landsfinalen. Då kunne elevane sleppe jubelen laus.

- Reaksjonen fekk vi jo sjå på TV. Dei var kjempeglade. Det var utruleg kjekt å sjå det dei fekk til. Det var vanskelege spørsmål, seier konstituert rektor ved Kinsarvik skule, Fredrik Orvin Tveit til Hardanger Folkeblad.

Han fortel at dei kjem til å gjera ekstra stas på elevane på skulen i dag og skal mellom anna eta kake for å feira sigeren.

- Det er utruleg flott at vi har ei slik gruppe elevar i kommunen. Dei som vann er ei samansett gruppe der dei er gode på kvar sine enkelte felt.

Dei vart spurde i kategoriane naturfag, underhaldning, Vestland og «på glattisen». I sistnemnde kategori var det skøyteløparen Sverre Lunde Pedersen som høyrde deltakarane i deira kunnskapar.

Dei to vinnarlaga skal reise til Oslo for å delta i landsfinalen. Den blir sendt over fem program på NRK1. Første sending er 17. april. Sjølve finalen er 16. mai.

Finalen i Hordaland vart leia av Tale Hauso og Ida Yasin Andersen.

– I år hadde 49 skular i Hordaland meldt seg på. Det er rekord og veldig kjekt! Ungdommane tar konkurransen på alvor, og det er imponerande å sjå kor mykje dei kan. No gler me oss til å få dei to skulane som skal få vera med vidare til landsfinalen i april, seier Tale Hauso.


Artikkeltags