Torsdag kveld hjelpte Hardanger lensmannsdistrikt Odda kommune i Tyssedal, og i samband med dette vart to politibetjentar angripne av ein mann i 60-åra. Dette enda med at mannen vart arrestert og sikta for vald mot politiet.

– Det vart og funne tre cannabisplanter hos han, og han vert meld for dyrking og bruk av cannabis. Han er kjend av politiet frå tidlegare, opplyser politioverbetjent Svein Buer.