Eitt steg vidare i prosjektet som kan gjere Hardanger meir klimavenleg: No vil dei snakke med bøndene

16. april inviterer prosjektleiar Jon Larsgard og Helge Arne Espeland bøndene i regionen til eit digitalt informasjonsmøte om biogassprosjektet til Ullensvang kommune. Det kan gjere husdyrgjødsel og diverse typar lokalt avfall om til energi tilsvarande 2 millionar liter diesel.