Onsdag kveld hadde UP laser- og promillekontroll på nordsida av Fresviktunnelen, opplyser Arne Olsen ved Hardanger lensmannskontor.
- Det var skrive ut fem forenkla førelegg, seier Olsen.
Høgaste hastigheit var 100 km/t i 80-sona, og det var ingen med promille.
- På dagen i går var ein annan UP-patrulje i Røldal, der det vart tatt beslag i eit førarkort.
Vedkomande vart målt i 88 km/t i 60-sona.