Gå til sidens hovedinnhold

Eit nytt smittetilfelle, tre personar i isolasjon

Ordførar Roald Aga Haug informerer om smittesituasjon, vaksinestatus og smitteverntiltak i ei pressemelding tysdag kveld.

Smittestatus:

● Det er eit nytt tilfelle i dag. Nærkontaktar er sett i karantene etter dei nye retningslinene.
● Det er tre personar i isolasjon no.

Vaksinestatus:

● Alle over 45 år, personar mellom 18 og 44 år som er i risikogruppe etter FHI sine definisjonar på sjukdom/ tilstandar og tilsette i skular og barnehagar, har fått innkalling til tredje dose.
● Personar som ikkje er vaksinert med første dose tidlegare, dei som skal ha andre dose og innbyggjarar over 65 år som ikkje har tatt tredje dose endå, kan møta på drop in.
● Dagar vi set vaksine står på kommunen si nettside.

Oppvekst og utdanning

Jamfør §16 i nasjonal forskrift (sist endra 16.12.21) vert det påkravd bruk av munnbind for elevar frå 12 år og oppover knytt til skuletransport. Kommunen vil onsdag 15.12.21 organisera utlevering av munnbind til alle skular som elevane det gjeld kan nytta seg av.

Påminning:

● Munnbind
Skal nyttast om ein ikkje kan halda meteren, særleg i offentlege rom og butikkar. Butikkane må følgja opp dette kravet i nasjonal forskrift, kravet gjeld og tilsette.

● Ny karanteneføresegn:
«Felles regler for isolasjon og karantene uavhengig av virusvariant:

Karanteneplikt for husstandsmedlemmer og tilsvarende nære med mulighet for å teste seg ut etter 7 dager. Øvrige nærkontakter kan teste seg ut etter 3 dager, men fortatt være i fritidskarantene til negativ test etter 7 dager

Nærkontaktar med kritisk samfunnsfunksjon vil med negativ hurtigtest få karantenefritak i arbeidstida.

● Heimekontor for dei som kan.

Kommentarer til denne saken