Gå til sidens hovedinnhold

Eit nytt smittetilfelle søndag

Pressemelding fra Ullensvang kommune, ved ordførar Roald Aga Haug, søndag 11. april.

Nye antal smitta/isolert i dag: 1

Totalt antal smitta i utbrotet: 45

Antal tatt ut av isolasjon i dag.: 1

Isolerte/smitta per i dag: 20

I karantene per i dag: 130

Pleie og omsorg

Heimebaserte tenester Odda har påvist smitte blant både tilsette og brukarar, og det vert fortsatt gjort individuelle vurderingar rundt tilbodet til den enkelte brukar. Det kan då verte endring på tilbod som ikkje omfattar nødvendig helsehjelp sett opp mot liv og helse.

Det vert fortsatt med å få gitt tilstrekkeleg informasjon til dei brukarar/pårørande som evt vert råka av endring.

På Bokko bo og behandling er ein avdeling framleis isolert på grunn av smitte, og ein held fram med besøksrestriksjonar.

Karantene/Isolasjon for tilsette/brukarar

Tilsette i karantene: 49

Tilsette som er i isolasjon/smitta: 4

Brukarar i karantene: 37

Brukarar som er i isolasjon/smitta: 3

Kommentarer til denne saken