Det var lite å skrive heim om frå politiet si side før rundt klokka 00:45 natt til søndag. Då var det ein gjest ved ein utestad i Odda som ikkje innretta seg etter det vaktene der gav han beskjed om. Då fekk utestaden bistand frå politiet.
Gjesten vart vist bort frå staden av politiet. Noko seinare trefte politiet på vedkomande i sentrum att, og han vert difor meld for brot på pålegg.
Seinare, rundt klokka 2, kom det inn ei melding om ein valdsepisode i Odda sentrum. I Twittermeldinga som politiet publiserte i morgontimane søndag stod det at ei 25 år gamal kvinne hadde vorte slått av ein 19 år gamal mann.
– Me kjem til å opprette sak på dette, og politiet har kontroll på dei involverte, seier Simen Aase ved Hardanger politistasjon.