Ullensvang Mållag har sendt grunngjevinga for tildelinga av målprisen for 2022:

Botolv Helleland (fødd 9. juni 1940), er oppvaksen på garden Helland på Lofthus. Åra 1956 -1958 gjekk han på Statsrealskulen i Øystese. To år seinare tok han artium ved Hordaland fylkeskommunale gymnas. Etter ein lærarjobb på realskulen i Årdal, drog han til Oslo for å studera i 1961. Han tok fyrst fransk og tysk mellomfag før nordisk hovudfag. Emnet for hovudfagsoppgåva var stadnamn på Vestre Hardangervidda, og sidan då har han vore namnegranskar med stadnamn som spesialområde.

For Botolv har namnegranskinga vore like mykje ein livsstil som ein jobb, og det var ei sterk interesse for både geografi og språkhistorie som førde han til det som vart faget hans.

I 1972 vart han tilsett som arkivar ved Norsk stadnamnarkiv. I 1988 fekk han opprykk til fyrsteamanuensis. Alt i 1984 vart han oppnemnd som statleg namnekonsulent. Han underviste ved Universitetet i Oslo til han pensjonerte seg.

Han har hatt ei rekkje ombod i nasjonale og internasjonale lag og organisasjonar. Mellom anna var han med og skipa Norsk namnelag, og var leiar der i fleire periodar. Han var medlem i Stadnamnutvalet, som la fram forslag til lov om stadnamn i 1983 og redaktør i «Nytt om namn» sidan 1984.

Frå 1987 representerte han Noreg i FN si ekspertgruppe for geografiske namn (UNGEGN) og han var leiar for den nordiske namneforskarkomiteen NORNA i fire år og visepresident i to periodar i «International Council of Onomastic Sciences». I 2012 var han president for den 10. FN-konferansen om stadnamn i New York.

Botolv Helleland er rekna som den aller fremste formidlaren av stadnamn i Noreg. Han har vore svært aktiv på mange måtar, både skriftleg (bøker og artiklar) og munnleg. Dei fleste artiklane hans har gjerne vore reint vitskaplege, men han har også skriv mykje for ålmenta. I tillegg kjem ei rekkje namnevandringar, kurs i stadnamninnsamling og kåseri, landet rundt.

Eit mål med formidlinga hans er å aktivera stadnamn som lokale kulturskattar. Og noko med det aller siste han har gjort, er å skriva forklaringar på stadnamna langs den populære Dronningstien.

Botolv har skrive og brukt nynorsk «heile tida», som han sjølv seier det. Og han har drive mykje godt målarbeid i alle år. Mellom anna var han leiar i studentmållaget i Oslo.

Som stipendiat i NRK-radio i 1970 og utetter, stod han, saman med Eric Papazian for ei rekkje radioprogram om stadnamn og målføre med tittelen: «Kvar er denne røysta frå?». Dei vart ein stor suksess, og gjekk i reprise fleire gonger utover 1970- og 1980-åra. Programserien resulterte også i ei rekkje hefte og ei lærebok om norske målføre.

I tillegg fekk dialektane eit sosialt gjennombrot. Det var noko heilt nytt. For før det vart til dømes berre bokmål og til dels nynorsk godteke mellom NRK-medarbeidarar og universitetslærarar. Dette førte til eit generasjonsskifte på Universitetet. Ifylgje Papazian snakka dei eldre lærarane anten (og helst) bokmål – eller nynorsk. Dei yngre, mellom anna Botolv) snakka ofte dialekt. Botolv Helleland har alltid halde på målet sitt, og gjer det framleis, etter 62 år i hovudstaden.

Botolv Helleland er ein svært verdig vinnar av Ullensvang mållag sin målpris. Den 27. i rekkja!

Ullensvang mållag vonar prisen kan inspirera fleire både til å arbeida for målsak og å bruka nynorsk i alle samanhengar.

Styret for Ullensvang mållag kan kvart år dela ut ein pris for godt målarbeid. Prisen skal vera eit kunstverk eller eit tradisjonsrikt handarbeid med inskripsjon. Prisen er finansiert ved gåve frå Torbjørg Lutro og Signe Lutro.

Det står i føresegnene at målprisen kan gjevast til einskildpersonar, lag eller føretak som har merkt seg ut som gode nynorskbrukarar, eller på annan måte har fremja norsk målreising. Kunstnaren Mustafa Al Bayati i Kinsarvik har laga prisen i år.