Ein ny stadfesta korona-smitta

Ullensvang kommune melder onsdag om eit nytt smittetilfelle i kommunen.

DEL

Meldinga kjem etter at dei tysdag melde om det tredje smittetilfellet på kort tid. No er det fire i kommunen som er stadfesta smitta av Covid-19.

Ordførar Roald Aga Haug skriv i ei pressemelding at det første smittetilfellet var ein person med reisesmitte. Vedkommande er no frisk og ute av isolasjon. Personen har smitta tre andre i same husstand. Den første som blei smitta er no ute av isolasjon, medan dei to andre er i isolasjon.

- Ingen av dei treng medisinsk oppfølging. Ein nærkontakt til er testa negativt, skriv ordføraren.

Artikkeltags

Kommentarer til denne saken