Gå til sidens hovedinnhold

Ein ny corona-smitta

Det er kome ein ny positiv corona-prøve så langt i dag, skriv ordførar Roald Aga Haug i ei pressemelding like før klokka 17.30 onsdag.

Vedkomande som er registrert smitta, var i kantane. To går ut av isolasjon i dag og 10 går ut av karantene.

Totalt er det 17 i isolasjon/smitta no.

Det er 105 personar i karantene. To innbyggarar er innlagt på sjukehuset, på grunn av covid-19.

Det har no vore 48 smittetilfelle totalt i utbrotet.

– Dei tilsette gjer ein stor innsats med å handtera pandemien. Helsetenestene har vore hardt pressa dei siste vekene. Arbeidstakarane skal ha stor ros for solid innsats i den krevjande situasjonen, skriv ordføraren.

Kommentarer til denne saken