196 lag er klare for årets forballcup i Eidfjord

Populær turnering: Årets småbanecup i Eidfjord har 196 påmelde lag, for born og unge i alderen seks til 14 år.arkivfoto: Kristin Eide

Populær turnering: Årets småbanecup i Eidfjord har 196 påmelde lag, for born og unge i alderen seks til 14 år.arkivfoto: Kristin Eide

Til helga, 21–23. juni, vert Eidfjord Små-banecup arrangert for 32. gong. Årets turnering har 196 påmelde lag.

DEL

«Eidfjord IL, fotballgruppa ynskjer alle spelarar, trenarar, lagleiarar, føresette og andre fotballinteresserte velkommen til årets småbaneturnering for aldersbestemte lag (seks til 14 år)», står det i ei pressemelding.

I år deltar 196 lag. På 14 baner vert det spelt 404 kampar over tre dagar.

«Turneringsleiing med ein flott dugnadsgjeng håpar å legga forholda mest mogleg til rette, slik at alle får ei hyggeleg og minnerik helg i Eidfjord», opplyser arrangøren i pressemeldinga.

I tillegg til mykje fotball vert det òg underhaldning i Eidfjordhallen laurdag kveld, med illusjonisten Alexx Alexxander samt minikonsert med Kyle Alessandro.

«Me får og besøk av Sindre Herre–Freestyle frå Voss, som held triksehow for oss midt på dagen på laurdag», opplyser fotballgruppa til Eidfjord IL.

Av lokale lag stiller Harding IL med 16 lag, FBK Voss med 2, Granvin med 7, Bulken med 10, Eidfjord med 9, Odda FK med 8, Solnut med 5 lag og Ulvik med 5 lag. Alt skulle dermed ligga til rette for fleire spennande lokaloppgjer.

Arrangøren skriv i pressemeldinga at dei vil takka både sponsorar og Eidfjord kommune for god støtte.

I tillegg vil dei takka alle, frå foreldre/føresette til lag/organisasjonar og innbyggarar i Eidfjord som velvillige stiller opp på dugnad.

Artikkeltags