Deltakarrekorden til fjoråret er allereie grundig slått, då meir enn 400 deltakarar frå 14 ulike land skal ut og springa laurdag 1. september.

Dette kjem fram i ei pressemelding frå arrangøren Xtremeidfjord.

Hardangervidda Marathon har i løpet av få år etablert seg som noko av det tøffaste ein kan gi seg ut på. Med det fantastiske terrenget sitt og krevjande stiging er dette vorte eit av Noregs leiene fjell-løp, peikar arrangøren på.

– Eg diggar fysiske utfordringar, rå naturopplevingar og å springa i fjellet. Difor låg Hardangervidda Maraton høgt på lista mi, sa vinnar Gjermund Nordskar i fjor.

Eit uvanleg maraton

«Hardangervidda Marathon er ikkje eit normalt marathon der ein spring på asfalt i ein relativt flat løypeprofil. I Eidfjord satsar ein på det ekstreme – springing på sti, kryssing av elvar, snø, is, gjørme og ikkje minst den brutale stigninga inst i Simadalen der ein skal frå null til 1200 meter over havet i løpet av eit par-tre kilometer.

Mange opplever denne stigninga som eit løp i løpet, eit brutalt motbakkeløp midt inne i eit fullverdig terrengløp», melder arrangøren.

Undervegs i løpet passerer ein både Hardangerjøkulen og Vøringsfossen i tillegg til nedstigninga gjennom den tronge og spektakulære Hjølmodalen som er ein av dei verkelege perlene i Hardanger. Løparane kan forventa seg eit hardt, brutalt og vakkert løp med Hardangervidda som bakteppe.

Aukar med hundre

Starten for årets løp går laurdag 1. september klokka 10.00 frå Eidfjord. Så langt har rett over 400 løparar meldt seg på, noko som er ein auke på over 100 utøvarar frå i fjor.

«I Eidfjord ser vi med glede på denne utviklinga i ei tid der mange andre løp slit med deltakinga», heiter det i pressemeldinga.

I 2013 var 200 personar påmelde til det ekstreme løpet.

Les òg: Meiner steinknuseverk øydelegg ferieidyllen på vidda