Ras på riksveg 7 er dyrast

NASJONAL RASSIKRINGSGRUPPE ved leiar Åshild Kjelsnes, til høgre, har levert ein tankevekkjande rapport til samferdsleministeren. Her er ho fotografert saman med ordførar Solfrid Borge og distriktsvegsjef Arnfinn Ansok under ei synfaring i fjor.
Arkivfoto: Johs H. Sekse

NASJONAL RASSIKRINGSGRUPPE ved leiar Åshild Kjelsnes, til høgre, har levert ein tankevekkjande rapport til samferdsleministeren. Her er ho fotografert saman med ordførar Solfrid Borge og distriktsvegsjef Arnfinn Ansok under ei synfaring i fjor. Arkivfoto: Johs H. Sekse

Artikkelen er over 12 år gammel

Dersom det går ras på riksveg 7 mellom Eidfjord og Brimnes, betyr det eit samfunnsøkonomisk tap på 695 660 kroner i døgnet. Det er den desidert dyraste rasstaden i landet.

DEL

Mellom anna er det to hundre tusen kroner meir enn om det går ras på E16 mellom Stalheimstunnelen og Sivletunnelen og på E39 mellom Vassenden og Skei i Jølster, skriv Bergens Tidende.

Fersk rapport

Opplysningane er å finna i ein blodfersk rapport frå Møreforsking i Molde, på oppdrag frå Nasjonal Rassikringsgruppe. Den konkluderer med at lange og tidkrevjande omkøyringar betyr store tapte verdiar. Til dømes kan det kosta mykje at varene ikkje kjem fram til rett tid, at det må leiast ekstra lagringsplass og at ferske varer må kastast.

17 raspunkt

Forskarane har teke føre seg 17 raspunkt i dei sju mest rasutsette fylka i landet. Rapporten vart overlevert av leiar i rassikringsgruppa, Åshild Kjelsnes, til samferdsleminister Liv Signe Navarsete måndag.

Kostnaden med eit ras kan vareiera mellom 2 000 og 80 000 kroner i timen. Variasjonane skuldast alt frå trafikkvolum, kva slags køyretøy og korleis høva er for omkøyring. Forskarane tilrår ein samfunnsøkonomisk analyse av kvar av dei verste, nemnde raspunkta kvar for seg.

Dyrast på riksveg 7

Det som gjer Brimnes-Eidfjord dyrast er at omkøyringa for små bilar er 112 299 kilometer og 27 443 kilometer for tunge køyretøy. Mogeleg omkøyring er alt frå Haukeli, Aurland-Hol, til Hemsedal og Filefjell. Trafikken på strekkja er 1 450 bilar for dagen og 1 til 5 stengingar for dagen.

Det samfunnsøkonomiske tapet her er på 695 660 kroner for kvart døgn med stenging. På andreplass kjem Stalheimstunnelane på E16, med 485 164 kroner og E39 Vassenden - Skei med 412 991. På E134 mellom Etne og Håland kostar eit ras samfunnet 269 665 kroner i døgnet.

Artikkeltags