Vil ha forslag til næringsprisen

Sveinung Tveit og Gunvall Medhus. Foto: Agur

Sveinung Tveit og Gunvall Medhus. Foto: Agur

DEL

Eidfjord kommune oppmodar innbyggarane til å senda inn forslag på kandidatar til næringsprisen 2019. Fristen for å koma med forslag til prismottakarar er 10. april.

«Forslaget skal vera skriftleg, grunngjeve og signert av avsendar. Avsendar og føreslegne kandidatar skal ikkje vera offentlege», opplyser Eidfjord kommune på sine heimesider.

I 2017 gjekk prisen til Okapi. Gründer Gunvall Medhus (t.h.) og Sveinung Tveit tok imot.

Artikkeltags