Forvaltningsrevisjon av ny sjukeheim i Eidfjord

Ny heim: IHR gjennomfører forvaltningsrevisjon. Arkivfoto

Ny heim: IHR gjennomfører forvaltningsrevisjon. Arkivfoto

Artikkelen er over 1 år gammel

Indre Hordaland Revisjonsdistrikt (IHR) skal gjennomføra forvaltningsrevisjon av bygging av ny sjukeheim i Eidfjord fram mot 2019.

DEL

Føremålet er å sikra at bygging vert fullført i tråd med budsjettramma. Det er òg viktig at prosjektet vert gjennomført i tråd med tydlege ansvars- og styringsliner i kommunen og mellom kommune og entreprenør. Forvaltningsrevisjonen vil òg sjå til at lover og reglar om lønns- og arbeidsvilkår vert følgde.

Kontrollutvalet i Eidfjord får milepåleorienteringar frå revisor undervegs. Utvalet hadde møte 16. november og fekk då orientering frå IHR. Dei har sett på system for kommunikasjon mellom partane i prosjektet, og meiner det er god kontroll i prosjektet, men meiner vernerundar kan bli dokumentert betre.

I månadsskiftet september-oktober var bygginga om lag to veker forseinka, men ein rekna med å vera i rute igjen til jul. Revisjonen spør etter prosedyre for godkjenning og brukstillating for den delen som vert ferdig sommaren 2018. Kontrollutvalet fatta vedtak om at IHR følgjer opp periodisering av utgifter.

Dei bad IHR kontakta Fellesforbundet i Hordaland om arbeid mot sosial dumping, og dei bad rådmannen orientera om innkjøpsreglement i neste møte.

Artikkeltags