Flytting i desember

Tyttebær: Born og vaksne har alt flytta inn i avdelingane Tytte- bær og Molte. Blåbær og Eple vert tekne i bruk seinare.

Tyttebær: Born og vaksne har alt flytta inn i avdelingane Tytte- bær og Molte. Blåbær og Eple vert tekne i bruk seinare.

Artikkelen er over 3 år gammel

Arbeidet med den gamle delen av Modnen barnehage er noko forseinka. Alle borna skal vera samla i Modnen til 2. januar 2017.

DEL

Eidfjord byrjar det nye året med ein barnehage i staden for to, slik dei har i dag.

Formannskapet handsama måndag løyving av midlar til inventar og utstyr i Modnen barnehage. «Då administrasjonen arbeidde med framlegg til årsbudsjett for 2016, hadde rådmannen gjeve klarsignal til at 500.000 kroner til inventar i den nye barnehagen skulle setjast opp i budsjettframlegget. Ved ein inkurie vart ikkje dette gjort», skriv rådmannen.

«Ein del inventar i Hereid kan flyttast til Modnen, men noko ber preg av mange års bruk. Det same gjeld noko i Modnen. I tillegg vil det vera bruk for noko heilt nytt utstyr. Eitt døme er ynskje frå dei tilsette om eit bord på kvar avdeling som er så stort at det er plass til alle borna og dei tre tilsette når dei sit samla til måltid. Kontor til tilsette har ein ikkje hatt før. Såleis er det nødvendig med nokre kontorpultar og kontorstolar. Totalt er det sett opp inventar for 299.600 kroner», skriv rådmannen. H

o tilrådde løyving frå kapitalfondet. I dag ligg ein bra an i høve byggjebudsjettet og kan såleis ha pengar til inventar der, men det har dukka opp noko uføresett og ein veit truleg ikkje sluttsummen før alt er klart.

Artikkeltags