Karoline Kvamsdal Eknes (16) går ut av grunnskulen med overvekt av toppkarakteren 6

Klar for ny skule: Karoline har overvekt av karakteren 6 på vitnemålet frå Lægreid skule i Eidfjord. – Eg har lyst å skaffa meg ein spennande jobb, seier ho.

Klar for ny skule: Karoline har overvekt av karakteren 6 på vitnemålet frå Lægreid skule i Eidfjord. – Eg har lyst å skaffa meg ein spennande jobb, seier ho.

Artikkelen er over 1 år gammel
DEL

– Eg har alltid likt skulen og tatt faga lett, men karakterane kjem ikkje utan jobb, seier Karoline.

Vi møter ho på kafé i sentrum av Eidfjord. Fortauskafeen gjev bygda eit urbant preg, med lyd og lukt av kaffimaskin. Her får ein spesiallaga blingsar medan ein ventar.

– Aktivitetar er viktigast

Kafeen er eitt av mange tilbod i Eidfjord. Tilbod dei omkring 920 fastbuande kan nyta godt av, tilbod som ikkje hadde vore her om det ikkje var for dei mange tilreisande og gjennomreisande. Og som ikkje hadde vore her om ikkje bygda hadde hatt mange kreative og arbeidsame personar som vil skapa.

Men for 16-åringar flest er ikkje eit rikt kafé- og restaurant-tilbod avgjerande.

– Det er kjekt. Men restaurant er ein vaksenting å gjera. Det er meir viktig med aktivitetar, slår Karoline fast.

Til hausten er ho klar for studiespesialiserande fag på Voss. Det blir pendling. Skulen ligg ikkje langt nok vekke til at ho må flytta frå heimbygda.

– Eg får ikkje lov til å flytta, mamma har lyst til å halda meg heime lengst mogleg, forklarar Karoline.

Ho ser for seg å gå vidare med realfag etter vidaregåande.

– Eg likar matte og historie. Det er ingen fag eg mislikar.

På vitnemålet er 9 av 15 toppkarakteren 6. Resten 5. I tillegg fekk ho to 6-arar på eksamen.

– Eg vil bruka dei moglegheitene som finst til å skaffa meg ein spennande jobb, men veit ikkje akkurat kva. Men ser for meg at det vert meir matte.

Kjeda seg litt

Karoline ser no fram til å begynna på skule med meir utfordringar, ein skule som ligg på ein større plass.

– Korleis var det å gå på Lægreid skule?

– På barneskulen er det eit lite miljø og det gjer det trygt. Det er få elvar per lærarar. Det gjev god kontakt med læraren og eit godt læringsmiljø som gjorde det lett å lika skulen. Det er tid til tilpassa undervisning. Men det er ofte godt tilrettelagt for dei elevane som heng litt bak. Men om ein kan meir, er det ikkje like godt tilrettelagt.

– Fekk du ikkje nok utfordringar?

– Eg kjeda meg litt innimellom. Det var ofte sånn at eg vart fort ferdig med det eg skulle, og så fekk eg ekstraoppgåver. Det kjendest meir som ei straff. Ein fekk meir av akkurat det samme fordi ein er god. Så det kunne vore betre. På barneskulen følte eg at eg låg eit stykke framfor. Då fekk eg gjerne andre bøker og jobba sjølvstendig i dei. Det fungerte greitt nok, men har forbetringspotensial. Spesielt i matte. I 8. og 9. klasse låg eg 20 sider framfor resten av klassen. Når det berre er éin elev så er det kanskje vanskelegare å legga til rette for den eine.

– Kva med lærarane?

– På ungdomsskulen har vi hatt Liv Synnøva Myrvang som kontaktlærar. Eg synest ho er flink. Ho bryr seg veldig om elevane sine. Ho prøver verkeleg med alle, og ho har drege opp heile klassen.

– Fekk du betre tilrettelegging?

– Vi har jobba litt med det. Vi snakka om det og fann noko som fungerte, ein måte som gjorde at eg lærte meir. Og i 10-klasse gjekk faktisk mattekarakteren min opp. Det var kjekt.

– På vidaregåande er matematikken på eit anna nivå. Korleis blir det?

– Det gler eg meg definitivt til.

Felles ungdomsskule

Karoline hadde gjerne sett at Eidfjord hadde felles ungdomsskule med Granvin.

– Eg har alltid likt klassen min godt. Men særleg på ungdomsskulen hadde i alle fall ikkje eg hatt noko imot ein større skule. Ein treng meir folk rundt seg, generelt sett.

I klassen var dei åtte elevar.

Likevel, Karoline har ein bestevenn som òg bur i Eidfjord og mange andre venner i bygda. Ho har òg fått seg mange venner og kjenningar utanfor bygda.

For tida har ho sommarjobb på Vik Pensjonat. Der har ho hatt helgejobb heilt sidan påske, og hadde sommarjobb i fjor òg.

– Ein grei sommarjobb med varierte oppgåver og kjekke kollegaer, seier Karoline.

På fritida likar ho å halda seg i aktivitet, utan å driva med nitrening av den grunn. Bading er populært i Eidfjord om sommaren. Kaldt elvevatn skremmer ikkje mange her. Karoline hugsar ho fekk forklaringsproblem då ho som 5-åring hadde vore på badeplassen utan godkjenning heimefrå. Ho sa ingenting, men kunne ikkje nekta då dei heime fekk sjå bildebevis i avisa dagen etter. Ein bladfyk hadde fotografert badande ungar.

– Om ein har ei spesiell interesse, må ein gjerne skapa aktiviteten sjølv. Det einaste tilbodet som finst i Eidfjord er fotball. Men eg har aldri vore så veldig stor fan av fotball, så eg spelte berre i 1. og 2. klasse. Det er ein del ressursar på ungdomsklubben. Vi får inn det vi vil ha. Så det er ganske kjekt. Elles har eg alltid likt volleyball, og har spelt med brørne mine, men har ikkje hatt eit organisert tilbod.

Karoline er veslesyster til Kjell Erik og Morten Kvamsdal. Særleg Morten tok volleyballen langt. Begge hadde flytta ut då Karoline fylte 5 år, men har tatt henne med på banen når dei har vore heime.

Når vi spør om ho kan tenkja seg å flytta tilbake til heimbygda, er svaret: – Det er fin plass å veksa opp, men det tvilar eg på. Ho vil ha ein spennande jobb, og nytta moglegheitene ho får.

Artikkeltags