Stage Dolls i kultursalen

Stage Dolls: 80-talsheltane i Stage Dolls spelar fredag kveld i Eidfjord.Pressefoto: Sven-Erik Knoff

Stage Dolls: 80-talsheltane i Stage Dolls spelar fredag kveld i Eidfjord.Pressefoto: Sven-Erik Knoff

Av

I kveld står Stage Dolls på scena i kultursalen i Eidfjord.

DEL

Supertilbod: 5 kr for alt innhald på nett i 5 uker

Stage Dolls består av Torstein Flakne på vokal og gitar, bassist Terje Storli og Morten Skogstad på trommer. Bandet var eit av dei største i landet gjennom 80-talet, og har i seinare tid fått ny aktualitet gjennom 2010-albumet «Always» som gjekk til topps på VG-lista, og singelen «Into the Fire» frå årets Eurovision. Konserten blir arrangert av Quality Hotel Vøringfoss, og hotelldirektør Tor André Villmones gler seg til å få gamle heltar på plass i ein forhåpentlegvis fullsett kultursal på hotellet.

80-talsheltane er ikkje det einaste bandet på scena. I ei pressemelding les vi at up-and coming Magick Touch frå Bergen er supportband denne kvelden.

Magick Tough er aktuelle med sitt første album; Electric Sorcery, som har fått gode kritikkar i musikkpressa. Mellom anna gav Metal Hammer Norway albumet karakteren 9/10.

Artikkeltags