– Seigt, hardt og brutalt

Hardangervidda marathon. Foto: Mikkel Beisner Photography

Hardangervidda marathon. Foto: Mikkel Beisner Photography

Slik skildrar arrangørane Hardangervidda Marathon, som gjekk føre seg i helga.

DEL

– Det var seigt i starten, litt rusk i kroppen. Men så slapp dei som sprang saman med meg, og då var det berre til å springa, sa Jørgen Møklebust Austvik, då han var den første til å kryssa målstreken, på tida 3.58.26. I kvinneklassen stakk Marit Agasøster av med sigeren (5.01.09).

Etter ein regntung start laurdag, viste Hardangervidda seg frå si beste side for dei 362 utøvarane som var påmelde.

– Vi er utruleg stolte og fornøgde med talet på deltakarar i årets løp. Det tar vi som eit teikn på at vi gjer noko riktig og at utøvarane likar seg her i Eidfjord, seier ein stolt løpsleiar Anita Fredheim Limstrand.

Det vart og arrangert halvmaraton. Dette blei vunne av Are Sæbø med tida 2.02.34, noko som er ny løyperekord på distansen. Blant kvinnene var det Thea Hovda som vann, på tida 2.31.36.

Les også: Sindre (32) frå Odda skal springa Hardangervidda Marathon for fyrste gong


Artikkeltags