No kan du sjå kjendisane som deltok på Amundsen

På tur: Dag Otto Lauritzen var deltakar under 2018-utgåva av Åsnes Expedition Amundsen.Foto: Kai Otto Melau/Extrem Eidfjord

På tur: Dag Otto Lauritzen var deltakar under 2018-utgåva av Åsnes Expedition Amundsen.Foto: Kai Otto Melau/Extrem Eidfjord

I 2019 blir det stor markering av det 10. Åsnes Expedition Amundsen. Denne veka kan dei som vil lada opp med aktuelt tv-program.

DEL

10 år med pulkløp:2019-utgåva av pulkløpet på Hardangervidda er det 10. Åsnes Expedition Amundsen. Markeringa skjer under heltefesten på Eidfjord Fjell & Fjord Hotell, melder arrangøren Extrem Eidfjord til neste års deltakarar.

Datoane for neste års konkurranse på ski med pulk over Hardangervidda er 7.–10. mars, og planlegginga er alt godt i gang.

Men før all konsentrasjon vert retta framover, er det tid for litt mimring frå 2018-utgåva. I år deltok kjendisane Dag Otto Lauritzen og Kristian Ødegård saman med Håvard Lilleheie og Marcus Neby.

Episode på lerret

TV 2 Sumo sender tysdag 11. desember programmet «På tur med Dag Otto». Eidfjord Fjell & Fjord Hotel viser episoden på lerret og inviterer alle som vil til å koma og sjå.

Eit av verdas hardaste ekspedisjonsrenn går over ca. 100 kilometer, frå Haukeli til Maurset i Sysendalen, og har to klassar, individuell og lagklasse.

Dag Otto Lauritzen, Håvard Lilleheie, Kristian Ødegaard og Marcus Neby kom i mål på Maurset 52 timar og 12 minutt etter starten på Haukeli.

Slik skildrar TV 2 program- serien med Lauritzen og Ødegaard: «Dag Otto har bestemt seg for å realisere sine villeste drømmer før han blir gammel og dør. Kristian Ødegård har sagt ja til å være med på galskapen. Sammen drar de to på tur i inn- og utland med kjente gjester».

Registrering til pulkløpet i 2019 vart opna 2. november og lukka 18. Xtremeidfjord arrangerer kvart år Hardangervidda Marathon og Åsnes Expedition Amundsen.

Den 13. juli inviterer dei òg til Hardangerjøkulen Ultra, eit heilt nytt ekstremløp som hadde testløp i år.

Artikkeltags