Han lurte eit heilt pressekorps, statsministeren då han med helikopter frå Oslo, landa på Kjeåsen og tok bil derifrå og ned til Simadal.
Men då han steig ut av den svarte minibussen, gav han seg god tid til både det talrike pressekorpset og vertskapet Statkraft ved Jan Alne, BKK ved direktør Atle Neteland og Eidfjordordførar og Hardangerrådsleiar Anved Johan Tveit.
-Eg har vore her før, sa statsministeren før han vart invitert inn til ei grundig orientering om kraftproduksjon og ikkje minst situasjonen i samband med forsyning til Bergensregionen. Men det var før bråket om den planlagde kraaftlinja.
Fordelar og ulemper
- Eg er komen for å lytta og læra, sa han som svar på spørsmål frå media. Samstundes som han var oppteken av situasjonen til Bergen, minna han om at det no er sett ned fire ekspertgrupper for å vurdera alternativ.
-Det er fordelar og ulemper med dei fleste, sa han og minna om at uansett om det ville verta sjøkabel mellom Simadal og Samnanger, så ville ein trejepart av trekkja uansett gå som luftspenn.
Orientert og engasjert
Han nemnde og at det slett ikkje var heilt fritt for inngrep å leggja kabel i sjøen. Dette vil særleg merkast i Kvam og Eidfjord, sa ein godt orientert og engasjert statsminister. Og det vil kanskje syna meir att der ein kabel skal gå ned i sjøen, enn om ein klarar leggja han i fjellet.
Målet er å finna den beste løysinga og var fullt merksam på verdiane i nasjonalikonet Hardanger.
Møte med Hardangerrådet
Frå Simadal og eit lite måltid mat på Vik pensjonat, gjekk turen vidare til Ulvik og Granvin, med ein liten sving innom Hardangerbrua.
I Granvin skal han klokka 1400 ha møte med Hardangerrådet og ordføraren i Samnanger.
Leiaren i Hardangerrådet, Anved Johan Tveit (Sp) likar ikke at regjeringa har godkjent oppstart av anleggsarbeid medan sjøkabelalternativet vert utgreidd.
Lytta og sjå
I fylgje kommunikasjonssjef Trude Måseide ved Statsministerens kontor vert det ikkje lagt fram nye forslag under Hardanger-besøket. Som statsministeren sa i Simadal, er han fyrst og fremst i Hardanger for å lytta til synspunkt og sjå dei mykje omtalte områda ved sjølvsyn.
Frå Granvin til Norheimsund går turen med båt, før statsministeren skal møta representantar for Arbeidaråartiet i Hordaland.
Bortsett frå ein fallskjermhoppar, var det ikkje nokon form for markering frå motstandarane av dei såkalla monstermasatene. Men det er varsla i stor mon seinare på dagen.