– Det som var gledeleg var kor godt vi merka at vi rydda i fjor, seier Borghild V. Vik som skryt over at mange stiller opp og vil rydda.

Mobiliserer bygda 

Ho er mor til Ingeborg, ein av initiativtakarane til den store ryddeaksjonen som vart gjennomført for første gong i fjor vår. På laurdag måtte Vik farta mellom sitt eige hotell som var fullt opp gjester med billett til det avlyste Skarverennet, og ryddeaksjonen i sentrum.

Fleire enn dei som møtte opp på laurdag har rapportert inn at dei har rydda. Ifølge Vik synest arrangørane det er kjekkast i sentrum. Men framleis ligg det att ein del, særleg på andre sida av fjorden.