Den omkomne er identifisert

Brann: Dette huset i Eidfjord brann natt til tysdag førre veke.

Brann: Dette huset i Eidfjord brann natt til tysdag førre veke. Foto:

Det var den sakna 26-åringen Joar Sæbø som omkom i brannen i Eidfjord.

DEL

Ver heime sjølv om du er borte. Lokale nyheiter - 5 kr for 5 veker

Det var natt til tysdag førre veke at eit det brann i ein bustad i Eidfjord. Politiet fekk melding om røykutvikling like før klokka tre, av ein bebuar i huset.

Bustaden husa fleire bueiningar, med totalt fire bebuarar. Ein av desse fekk straks status som sakna. Det var Joar Sæbø, fødd i 1991.

I huset vart det gjort funn av ein omkommen person. Det er no fullført identifisering av personen, og det var Sæbø som omkom i brannen. Det blir stadfesta av etterforskingsleiar i Hardanger, Per Helge Sekse.

Årsaka til brannen er framleis uvisst.

Artikkeltags