Riber og Horvei skal samarbeide med strykekvartett frå Seattle

På juleturné: I november kan ein oppleva Inger-Kristine Riber og Reidun Horvei saman med ein strykekvartett frå Seattle.  Foto: Privat

På juleturné: I november kan ein oppleva Inger-Kristine Riber og Reidun Horvei saman med ein strykekvartett frå Seattle. Foto: Privat

Denne veka flyr Inger-Kristine Riber og Reidun Horvei til Seattle.

DEL

Dei skal samarbeida med ein strykekvartett frå Seattle og Tacoma Symphony Orchestra.

– Me skal på initiativ frå Seattle-Bergen Sister City organization produsera eit konsertprogram. Frå 11.–19. november er me på oppdrag i USA, òg så vert strykekvartetten med oss til Noreg og me skal ha ein liten juleturné mellom 22.–30. november.

Laurdag 24. november kan eit utdrag av programmet opplevast på Eidfjord Fjell og Fjord Hotel.

Sjølve musikken er gratis – medan hotellet inviterer til julekos denne laurdagen, melder Riber til HF. Vidare går turneen til Lærumhuset på Voss, der to konsertar nesten er utselde 25. november.

Dagen etter er det studioopptak. 27. november vert det skulekonsert i Eidfjord, 28. november er Johanneskirken i Bergen fullbooka (750 personar) og den 29. november er Emigrantkyrkja, Radøy, arena.

Artikkeltags