Gå til sidens hovedinnhold

Eidfjord avsluttar dei lokale restriksjonane

Etter omfattande testing har Eidfjord kommune ikkje avdekka nye smittetilfelle den siste tida.

Eidfjord avsluttar no dei lokale restriksjonar, går det fram i ei pressemelding.

– Etter omfattande testing har me heldigvis ikkje avdekka nye smittetilfelle i Eidfjord kommune. Dei tiltaka som vart sett i verk 6. mai vert difor avvikla natt til 15. mai. Takk til alle som har bidrege til å avgrensa smitten i Eidfjord, skriv ordførar i Eidfjord, Anders Vatle i ei pressemelding.

For kommunen betyr dette at skule, barnehage og kulturskule er på gult nivå.

Normalen er grønt nivå ifølge trafikklysmodellen

– Det er laga program for 17. mai som tek omsyn til smittevern. Skal du delta på rullande 17. mai tog er det viktig å halda avstand til andre dersom du er ute av bilen eller ser på toget langs løypa, heiter det vidare i pressemelding.

Det er også mogeleg med fritidsaktivitetar igjen, men det er likevel restriksjonar.

Les heile pressemeldinga på kommunen sine heimesider.

Kommentarer til denne saken