Før i tida var det vanleg at skulle ein få tak i ein eigedom, måtte ein ta bryet med å «nå» i ei odelsjenta.

No er det andre tider, det er meir enn godt nok å vera lika av «makta» i dei ulike kommunane. Difor takkar eg so mykje for eigedomen de har ført øve te meg på Løyning, Gnr. 31 bnr. 95 og 109 Løyningsosen 75.

Det er mindre bra at teknisk har føretekje ei arealoverføring på 251 – 500 m2 utan samtykkje frå meg. Rett nok kostar oppmålingsgebyret berre 11 550 kr, det betalar eg med stor gleda.

Når teknisk fyrst er i gong med eigedomsøverføringar, er de kanskje så gilde at de øverfører Rossnos til meg i same slengjen.

Om eg får hand om Rossnos, kjem eg ikkje til å gå med på noko form for arealøveføring. Eg gjer det vel vanskeleg for meg sjølv å få eigedomsretten te denne nuten, når eg seier eg ikkje vil ha gondolbane dit. Målet mitt er berre å byggja eit «landsted» der alle som fer forbi er velkomne, særleg folk frå Ullensvang Kommune, teknisk. Dei har lova meg å hjelpa til med å bera opp byggjematerialane.

Eigedomane og bygningar eg har i Røldal og fjedle heima, vert etter kvart i minsta lagjet, so det er ikkje ein dag for tidleg å få eiga meir enn det eg har no. (Eg vonar at ikkje nokon trur eg er av den grådige sorten).

Endå ein gong, ei stor takk til Ullensvang kommune teknisk, som vil meg vel.