Vegen opna att etter brann

Illustrasjonsfoto.

Illustrasjonsfoto. Foto:

Artikkelen er over 2 år gammel

Ei brakke bak på ein lastebil tok til å brenne og stengde E134 mellom Seljestad og Røldal tysdag ettermiddag.

DEL

Brannmannskap og politi måtte rykke ut då ei brakke bak på ein lastebil tok til å brenne under transport mellom Seljestadtunnelen og Røldalstunnelen på E134.

Naudetatane kom til staden rett før 12:30. Då hadde sjåføren allereie teke til på sløkkingsarbeidet.

– Han hadde fått slått ned flammane med eit pulverapparat. No held dei på med å kjøle ned og vi har full kontroll på situasjonen. Truleg starta brannen på grunn av varme frå eksosanlegget sa vaktkommandør Ronald Drotningsvik ved alarmsentralen i Hordaland til Hardanger folkeblad 12:40.

Vegen open

Brannen vart raskt brakt under kontroll, men røyk frå brannen gjorde likevel at tunnelane på kvar side måtte halde stengt ein periode. Like før klokka 13 skreiv Vest politidistrikt på Twitter at vegen var open att.

Politiet skriv og at ingen personar vart skadde i brannen.

Artikkeltags