– Me må i ny dialog

Artikkelen er over 2 år gammel

– Me har gått langt i å imøtekomma veterinærane sitt ynskje. At Eidfjord no vil ut av distriktet, gjer rekrutteringa vanskelegare.

DEL

Det seier kommunalsjef for teknisk, Helga Helleland i Ullensvang.

Det er Ullensvang som administrerer vakttenesta i Indre Hardanger veterinærvaktdistrikt og lyser ut anbod. Kommunane har samarbeidd om aksutgreiinga.

Ein føresetnad for å gje driftstilskot, var at alle tre kommunar var med, og delte totalsummen likt. Då veterinærane ikkje ynskte stimuleringstilskotet inn som del av driftstilskotet, vart summen sett til 300 000, mot dei 400 000 per vaktpraksis som veterinærane ser som minstekrav. Politikarane i dei tre kommunane, slutta samrøystes opp om storleiken på beløpet.

Kjem dei i møte

– Me har strekt oss langt. For Ullensvang sin del, har me ikkje budsjettdekning for tilskotet og må redusera på andre tenester. Veterinærane sitt krav på 1,2 millionar er mykje å finna midt i eit budsjettår. Me har klart å strekka oss til 900 000. Det er langt på veg ei imøtekoming av kravet. Me har ikkje lyst til å mista dei gode veterinærane me har og set stor pris på innsatsen dei legg ned for å serva både husdyr- og kjæledyr, seier Helleland.

I det opphavlege framlegg til vedtak, stod det at ordninga skulle gjelda fram til 2020. Det gir føreseielegheit for alle partar. I 2020 vert Odda og Ullensvang slegen saman med Jondal i ein ny felles kommune. Eidfjord skal halda fram åleine.

– Ein var i utgangspunktet tenkt å arbeida for vurdering av eventuell endring av vaktdistrikta i Hordaland fram mot den datoen, seier Helleland.

Mindre attraktivt

– Om Eidfjord går ut av vaktdistriktet frå neste år, slik dei har signalisert at dei ynskjer, kva konsekvensar får det?

– Som det ligg an no, har me då ein pott på 600 000 til tre veterinærar. Det vert dårlegare «lokkemiddel» for å få nokon til å etablera seg her, og gjer det vanskeleg, seier Helleland.

Ho ynskjer at fylkesmannen no må sjå på grensene for vaktdistrikta. Om Jondal kjem med i Indre Hardanger, vil det igjen få konsekvensar for Kvam. Uansett endringar, vil nokon vinna og nokon tapa.

Deildo, ei utfordring

Argumentet om at andre næringsdrivande også tapar på vegstenging, og at heradet difor ikkje kan gje veterinærane kompensasjon for tapt arbeidsforteneste som fylgje av stenging i Deildo, vert avvist av Dale og Vestrheim. Dei meiner heradet må kompensera. Kva er din kommentar til det?

– Dette har Ullensvang heradsstyre teke stilling til, og vedteke at søknaden ikkje vert imøtekomen, svarar Helleland.

Det er eit kommunalt ansvar å syta for klinisk veterinærvakt, men veterinærane i vaktordninga vert ikkje rekna som kommunalt tilsette. Dei er sjølvstendig næringsdrivande som har søkt og fått eit anbod på ei teneste for kommunen.

– Korleis vil de forholda dykk med omsyn til veterinærvakt ved stenging Deildo neste år?

– Viss det vert stengingar i lembinga neste år, vonar eg at me vil vera litt tidlegare på bana enn i 2016 og 2017. Takka vera at veterinærane sjølv tok grep og fekk ein kollega i Ulvik til å ta oppdrag, løyste situasjonen seg i år, seier kommunalsjef for teknisk i Ullensvang.

Artikkeltags