Jakta med stor fart innover Sørfjorden

Spekkhoggarar jakta  innover Sørfjorden i dag. Her har dei passert Velure og nærmar seg Fjøringen og Aga.

Spekkhoggarar jakta innover Sørfjorden i dag. Her har dei passert Velure og nærmar seg Fjøringen og Aga. Foto:

Artikkelen er over 1 år gammel

Måndag var ein flokk spekkhoggarar på tur innover Sørfjorden.

DEL

To av dei hadde stor fart innover fjorden i 14-tida. Dei bles vatn høgt opp over seg.

Då dei passerte Lofthus dreidde dei nærare land på vestsida av fjorden, og det vart dermed ikkje heilt lett å få nærfoto for fotografen som stod ved båthamna på Lofthus.

Men på biletet er det tydleg å sjå dei kvite teikningane på sida.

Ifylgje observasjon frå Ernes heldt då fleire andre spekkhoggarar til utanfor Jåstad. 

På internett kan me lesa at ein vaksen hann-spekkhogger kan verta opptil 9,5-10 meter lang og vega opp mot 8 tonn (6 tonn er normalt), ho-spekkhoggeren er noko mindre og vert opptil 8,5 meter lang og veg gjerne ca. 5 tonn.

Spekkhoggarar et fisk, sel, skatar, delfinar og hai.

Artikkeltags