Dugnadsgruppa for «Fjordahallen» fekk heiderspris

Ildsjelene: Dugnadsgruppa har allereie lagt ned over 6000 dugnadstimar i «Fjordahallen». – Heretter vil ikkje Ullensvang stå att med eit svart hol som ein av få kommunar utan idrettshall, seier «morellgeneral» Trond Instebø i grunngjevinga av prisen.

Ildsjelene: Dugnadsgruppa har allereie lagt ned over 6000 dugnadstimar i «Fjordahallen». – Heretter vil ikkje Ullensvang stå att med eit svart hol som ein av få kommunar utan idrettshall, seier «morellgeneral» Trond Instebø i grunngjevinga av prisen. Foto:

Av
Artikkelen er over 2 år gammel

– Prisvinnaren i år føyer seg så absolutt inn i rekka av velfortente prisvinnarar, seier generalsekretær Trond Instebø.

DEL

For åttande gong vart Morellfestivalen sin heiderspris delt ut under opninga av festivalen, som over 300 personar fekk med seg.

– Heidersprisen skal gå til nokon som gjer eller har gjort ein ekstraordinær innsats for nærmiljøet og prisvinnaren i år føyer seg så absolutt inn i rekka av velfortene prisvinnarar og oppnår på alle måtar statuttane for å kunne bli vurdert, seier Trond Instebø i grunngjevinga.

Svært etterlengta

– Årets vinnar er deltakar i eit prosjekt som det har vore snakka om sidan eg kom til kommunen for 25 år sidan, og for eit par år sidan vart det ein realitet, fortel Instebø.

– Heretter vil ikkje Ullensvang stå att med eit svart hol som ein av få kommunar utan idrettshall, seier han vidare.

6000 dugnadstimar

Prosjektet om å byggja idrettshall i Kinsarvik har kravd både strategisk, politisk, økonomisk og handverksmessig kompetanse. Dugnadsgruppa har allereie lagt ned over 6000 dugnadstimar.

– Når prosjektet har ei kostnadsramme på 32 millionar og skal byggjast på dugnad på fritida, så skjønar alle at dette vil ta litt tid, men aldri har me vore nærare ein ferdig idrettshall enn kva me er no, seier Instebø.

Mange ildsjeler

– Det er diverre ikkje plass til alle i gruppa på scenen samtidig, så me har beslutta å be Udmund Sandstå og Geir Utne om å koma fram å motta prisen, seier Instebø avsluttingsvis

– Alle som er her i kveld og som har vore med på dette prosjektet, må koma opp på scena, annonserer Udmund.

Og ildsjelene entra scena, ein etter ein.

– Det var dumt at me ikkje visste om dette slik at me kunne fått vist heile gjengen, men tusen takk, dette var veldig kjekt, seier Udmund.

Prisen dei fekk var eit kunstverk av Lars Stana som dei kan pryda idrettshallen med, samt ein sjekk på 5000 kroner som dei må gje vidare til eit godt føremål.

Overrekte blom

Instebø hadde fleire ting på agendaen under opninga.

– Eg vil overrekka ein blom til sjølvaste generalen Per Olav Opedal. Han burde eigentleg vore kandidat gjennom alt han har gjort, men er automatisk ugild til å motta prisen, då han sit i juryen, seier Instebø.