Gå til sidens hovedinnhold

Dronning Sonja om Kråkestien: – Eit kunstverk midt i naturen

Dronning Sonja heldt tale då ho opna Kråkestien på Lofthus 5. juni: – For meg er Ullensvang einstydande med friluftsliv – her er naturen på sitt rausaste. Naturen har bergtatt meg og mitt følgje meir og meir, etter kvart som vi er blitt kjende i Ullensvang. Men det er ikkje berre naturen som fasinerer. Det gjer òg menneska som bur her. Eg er imponert over tiltakslysta og samhaldet for å utvikla og ta vare på bygda, sa dronninga.